Sukatsitron (Citrus medica) eller cedrat er ein plante i sitrusslekta. Frukta er ei avlang sitrusfrukt med tjukt, vortete skal og lite fruktkjøt. Ei frukt kan vega opptil 2 kg. Den kvite delen av skalet kan brukast til å laga sukat.

Sukatsitron
Sukatsitron
Sukatsitron
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Sapindales
Familie: Rutaceae
Underfamilie: Aurantioideae
Stamme: Citreae
Slekt: Sitrusfrukt Citrus
Art: Sukatsitron C. medica
Vitskapleg namn
Citrus medica

Sukatsitron var ei av dei fire opphavlege sitrusfruktene folk byrja dyrka og som seinare skapte ei rekkje nye typar gjennom hybridisering.[1] Dei andre tre var mandarin, pomelo og Citrus halimii.[2] Ein reknar med at alle sitrusfruktene som blir dyrka i dag opphavleg stammar frå Asia, truleg Søraust-Asia, og sidan spreidde seg.[2]

Ein dyrkar særleg sukatsitron i middelhavsland. Varieteten adamseple eller 'Ethrog', C. medica var. ethrog, blir hovudsakleg dyrka i Israel. Under namnet «etrog» har sukatsitron ei viktig stilling innan jødedommen som eit av dei fire slaga plantar ein bruker under høgtida sukkót. Ein austasiatisk varietet av planten, Citrus medica var. sarcodactylis, har frukt som deler seg opp i «fingrar», og blir mellom anna brukt som dekorasjon, i samband med japanske og kinesiske nyårsfeiringar og som offergåve i buddhisttempel.

Kjelder

endre
  1. Klein, J. (2014). «Citron Cultivation, Production and Uses in the Mediterranean Region». I Z. Yaniv; N. Dudai. Medicinal and Aromatic Plants of the Middle-East 2. Springer Netherlands. s. 199–214. doi:10.1007/978-94-017-9276-9_10. 
  2. 2,0 2,1 Giovanni Dugo; Angelo Di Giacomo (2 Sep 2003), Citrus: The Genus Citrus, CRC Press 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Sukatsitron