Sulphur Point er eit markant nes 1,5 nautiske mil (2,8 km) nord for Wordie Point på vestsida av Visokoi Island i Sør-Sandwichøyane. Det vart først kalla West Bluff av mannskap på Discovery Investigations etter kartlegginga deira i 1930, men dette namnet vart endra for å unngå forveksling med West Bluff på nærliggande Zavodovski Island. Sulphur Point vart tilrådd i 1953 av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC). Bakken her har ein raudaktig farge med strekar og flekkar med svovel (sulphur på engelsk), og ein kraftig svovelgass er merkande for alle som vitjar denne øya.

Sulphur Point
nes
Land  Storbritannia
Stad Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane
 - koordinatar 56°42′S 27°16′W / 56.700°S 27.267°W / -56.700; -27.267
Kart
Sulphur Point
56°42′00″S 27°16′00″W / 56.7°S 27.2667°W / -56.7; -27.2667
Sulphur Point is located in Antarktis
Sulphur Point (Antarktis)

Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Sulphur Point» (innhald frå Geographic Names Information System).