Sulzberg i Vorarlberg
Sulzberg er ein kommune i Bregenzerwald i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen, som høyrer til distriktet Bregenz, dekker eit areal på 23,0 km² og hadde i kring 1800 ibuarar i 2016. Landsbyen Sulzberg ligg 1013 meter over havet. Kommunen grensar i nord mot delstaten Bayern i Tyskland.
Turisme og landbruk er viktigaste næringane i Sulzberg. Heile 62 % av landarealet vert nytta til landbruksføremål.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sulzberg (Vorarlberg)» frå Wikipedia på tysk, den 2. mai 2016.