Sump
Sump er eit område der grunnvatnet når opp til jordoverflata uten at området likevel kan reknast som ein innsjø. Slike område finst på elvesletter langs elver som renn seint, særleg der elveleiet ligg høgare enn landet rundt, langs flate, låge kyststrekningar, på skogsletter utan tilstrekkeleg avløp og som restar etter tidlegare innsjøar. I område med permafrost er alt flatt terreng forsumpa, ettersom telen ikkje slepp vatnet gjennom.
Sjå også
endreKjelder
endre- «Sump» (27. oktober 2011), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 18. juli 2014.