Tele er frose jordlag som oppstår når temperaturen ligg under frysepunktet lenge nok til at jordlaget frys. Djupna til telen avheng av kor lenge temperaturen ligg under frysepunktet, og kor mykje under han ligg. Om det ligg laussnø på bakken, isolerer han for varmetap frå bakken til lufta, og telen vert ikkje så djup som om bakken hadde vore berr.

Teleløysing i Utajärvi i Finland.

Fyljer for næringsverksemd endre

Tele kan påverka ymse typar næringsverksemd på ulike måtar.

Jordbruk endre

 
Frosen åker.

Innan jordbruket fører telen i nordlege strøk til ei ikkje uvesentleg avkorting av vekstsesongen, som i sin tur går ut over lønsemda. Han kan og hindra arbeid som i mange land vert utført utanom vekstsesongen, som pløying, slik at dette arbeidet må utførast om hausten før telen set inn, eller på våren etter at telen er gått. Der telen vanlegvis kjem seint, og det er vanleg å lata forrotvekstar stå i jorda til dei skal nyttast, kan tidleg tele både hindra hausting og føra til at vekstane vert øydelagde.

Skogbruk endre

For skogbruket kan telen ha ei positiv side ved ved at bereevna til marka aukar, slik at ein kan nytta traktor og tunge skogsmaskinar utan å gjera skade på skogbotnen. Ved å driva fram tømmer når det er tele kan ein i somme høve spara utgifter til skogsvegar. I tidlegare tider då ein nytta hest i skogen var òg telen ein viktig faktor der ein laut kryssa myrer, men òg for å hindra at tømmeret vart flidd til med jord og sand, som skjemmer sagene.

Bygg og anlegg endre

Innan bygg og anlegg er telen mest til bry og fører ofte til ekstra utgifter, ved at gravearbeid vert vanskelegare og difor dyrare. Ved god planlegging kan ein unngå å utføra større gravearbeid når det er kraftig tele, men reparasjonar må likevel utførast om vinteren. Det er då ofte naudsynt å nytta hydraulisk hammar eller å varma opp marka og tina telen før ein tek til med gravinga.

Samferdsel endre

 
Teleskade i Puolanka i Finland.

Når marka frys utvidar ho seg med om lag 10% [1], så om vegbotnen er sett saman av både jod og sand oppstår det humpar i vegbanen, kalla telehiv. Frostsikkre vegar har redusert problemet med telehiv, men framleis er telehiv og andre skadar eit problem etter vintrar med lange kuldeperiodar, som til dømes vinteren 2010-2011 [2] [3], spesielt for tungtransporten.

Når telen går om våren fører det til at den tettpakka vegbanen ikkje drenerer bort overskotsvatnet. Bereevna vert då dårlegare og det oppstår lett skadar på vegen. Tidlegare var dette eit stort problem i Noreg og det var vanleg med nedsett aksellast i vårløysinga. Nokre vegar har framleis så dårleg underlag at det er naudsynt å redusera aksellasta om våren. På grunn av dei store skadane som for stor aksellast fører til er det store bøter for å overskrida tillate akseltrykk. Etter som redusert aksellast reduserer nyttelasten kan dette føra til inntektstap for dei som driv med transport.

I tidlegare tider, før det kom vegar, kunne telen letta samferdsla, ved at myrar fraus til slik at det vart mogleg å kryssa dei med hest og slede.

Kjelder endre

  1. Gyldendals store konversasjonsleksikon, Gyldendals norske forlag, Bnd. S-Å, 3. utg., 1972.
  2. Gansmo, A.K., Ingen vet hva telehiv koster, NRK, 13/4-2011.
  3. Wik, F. og Reite, T.Tøff vinter har tært på vegene, NRK Møre og Romsdal, 18/4-2011.

Sjå òg endre