Sumvitg
Sumvitg er ein kommune i distriktet Surselva i kantonenen Graubünden i Sveits. Kommunen har 1 281 innbyggjarar (2010) og eit areal på 102 km². Kommunesenteret ligg 1056 meter over havet. Retoromansk er dominerande talemål i kommunen.
Sumvitg | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Graubünden | ||
Distrikt | Surselva | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
101,88 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
1 281 12,6 /km² | ||
Koordinatar | 46°43′0″N 8°56′0″E / 46.71667°N 8.93333°E | ||
Høgd over havet | 1056 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 7175 | ||
Nettstad: www.sumvitg.ch |
Kommunen ligg i Disentis kreis og dekkjer begge sidene av Vorderrheindalen og Val Sumvitg. Han består av landsbyen Sumvitg og grendene Surrein, Rabius, Laus og Compadials samt fleire spreidde gardar. I nord deler kommunen ei kort grense med kantonen Glarus, denne grensa går over fjelltoppen Tödi, den høgste i kommunen og som her heiter Piz Rüssein.
Lag da Laus (Laussjøen) ligg ovanom grenda Laus.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sumvitg» frå Wikipedia på tysk, den 22. oktober 2011 og «Sumvitg» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (retoromansk)/(tysk)