Glarus
Tysk: Glarus
Fransk: Glaris
Italiensk: Glarona
Retroromansk: Glaruna

Våpenet til Glarus

Kart som viser kor i Sveits Glarus ligg.

Hovudstad Glarus
Folketal 38 608 (2011)
Areal 685,3 km²
Folketettleik 56/km²
Forkorting GL
Kanton sidan 1352
Høgaste topp Tödi (3614 moh)

Glarus, (fransk: Glaris, italiensk: Glarona, retoromansk: Glaruna, latin; Glaris) er ein kanton i det austlege Sveits. Kantonen dekker eit areal på 685,4 km2 og hadde 38 479 innbyggarar i 2009. Glarus grensar til kantonane St. Gallen, Graubünden, Uri og Schwyz. Kantonen har namn etter hovudstaden, Glarus.

Geografi endre

Typisk Glaruslandskap, med gammal fabrikk og fjellet Tödi kneisande i bakgrunnen
Kommunekart over Glarus
Glarner Landsgemeinde i 2009, medan det vert røysta over eit forslag. Delegatane på møteplassen, tilskodarar i forgrunnen

Glarus er dominert av ein djup dal langs elva Linth, og den mindre dalen Sernftal i aust. Størstedelen av areal er rikt på fjell. Høgste toppane i Glarus-Alpane er Tödi på 3 614 meter over havet. Hausstock, 3 158 moh, og Glärnisch på 2 915 moh, er andre høge fjelltoppar. Lågastliggande punktet er 414 moh. Ein del av ei stor forkasting, som i 2008 av UNESCO vart innlemma som ein del av den geologiske verdsarven under namnet 'Glarner Hauptüberschiebung', ligg i Glarus. Innsjøen Walensjøen ligg for nordenden av kantonen.

Demografi og språk endre

I kring 20% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. 83,6% av innbyggarane talar tysk, av dialektvarianten høgalemannisk. 6,8% av innbyggarane har italiensk morsmål.

Religion endre

44,0 % protestantisk 37,3 % romersk-katolsk 2,3 % ortodoks 6,5 % islam 3,5 % andre konfesjonar/ukjent 6,5 % konfesjonslause

Kommunar endre

Glarus består sidan 2011 av tre kommunar; Glarus, Glarus Nord og Glarus Süd. Fram til 2010 var kantonen delt opp i 25 kommunar.

Glarus var eit av de «åtte gamle stadene», dvs. ein av de åtte kantonane som slutta seg til det opphavlege sveitsiske eidsforbundet innan 1353.

Historie endre

Religion har spela ei avgjerande rolle Glarus si soge. På 500-talet vart innbyggarane i Linthdalen, dagens Glarus, kristna av den irske munken Sankt Fridolin. St. Fridolin grunnla klosteret i Säckingen, tett vest for Basel. Klosteret eigde området kring Glarus fram til 1288, då habsburgarane erobra området bit for bit. Dette førte til at Glarus i 1352 gjekk inn i det sveitsiske eidsforbundet.

Mellom 1506 og 1516 var reformatoren Huldrych Zwingli prest i Glarus. Læra hans døydde ut då alle tilhengarane hans i området vart drepne i 1564. Striden mellom protestantar og katolikkar i området heldt likevel fram. For å skape fred i området, vart det i 1623 avtala at begge sider i striden skulle ha kvar si folkeforsamling (Landsgemeinde). År 1683 vart det vedteke at kvar trusretning skulle ha sine eigne domstolar.

Etter Frankrike sigra ved Wollerau i år 1798, vart Glarus ein del av kantonen Linth. Allereie fem år seinare vann Glarus tilbake sjølvstendet. I 1836 vart grunnlova for kantonen endra. Ein vedtok då at kantonen skulle ha ei felles folkeforsamling.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

 

Originaltekst av Kantonen Glarus ved Wikisource.