Sundøybrua er ei fritt-frambygg-bru i Leirfjord kommune i Nordland. Brua knyter Sundøya på austerenden av øya Alsten til fastlandet. Brua har ei lengd på 538 meter og eit hovudspenn på 298 meter. Seglingshøgda er 43,5 meter. Hovudspennet gjer at ho pr. 2005 har det nest lengste hovudspennet i verda for nokon fritt-frambygg-bru. Brua vart opna for trafikk den 9. august 2003, og er ein del av fylkesveg 220 i Nordland.

Sundøybrua

Sundøya og Sundøybrua sett frå fastlandet, med det gamle ferjeleiet i framgrunnen
TypeFritt frambygg-bru
StadLeirfjord
Opna9. august 2003
StrekningFylkesveg 7314
Lengd538 meter
Høgd43,5 meter
Største spenn298 m
Breidd10,3 meter
Materialearmert betong
Kart
Sundøybrua
66°01′17″N 12°56′00″E / 66.021369444444°N 12.933469444444°E / 66.021369444444; 12.933469444444

Historikk endre

Sundøybrua vart bygd av entreprenørane NCC og Reinertsen Anlegg i eit arbeidsfellesskap. Prosjektleiar for prosjektet var Kurt E. D. Johnsen, Reinertsen Anlegg. Byggelediar for Statens Vegvesen, Nordland var Hallgeir Skog. Brua kosta 176 millionar kroner.

 
Brua sett frå aust, Sundøya til venstre

Vedtaket om å prioritere vegpengar til Sundøya, som har færre enn 150 innbyggarar, var lenge omstridd lokalt. Brua vart bygd etter lovnader frå sentrale politikarar. Bakgrunnen for lovnadene var at det ei tid var planar om å leggje kystriksvegen, Fv17, over Sundøya og i tunnell gjennom Søstrene mot Sandnessjøen. Dei som ønska å byggje brua lenger ute i fjorden, der Helgelandsbrua går i dag, meinte ein heller kunne byggje ei eiga bru til Sundøya.

Byggemateriale endre

Ved bygginga av Sundøybrua vart det brukt betong av typen C65 og LC60. Det vart pumpa lettbetong over 120 meter.

Tilslag for lettbetong vart importert frå Stalite i USA. Sundøybrua vart opna i august 2003 av samferdselsminister Torhild Skogsholm.

Bakgrunnsstoff endre