Opna hovudmenyen
Sundbåten «Rapp» ved Piren på Kirkelandet. Nordlandet i bakgrunnen.
Sundbåten «Angvik» på veg over hamnebassenget.
Foto: Harald Oppedal

Sundbåt ein passasjerbåt som går mellom dei fire bydelane («landa») Gomalandet, Kirkelandet, Nordlandet og Innlandet i Kristiansund.

Kristiansund kommunale sundbåtvesen trafikkerer i dag sunda i byen med sundbåtane «MS Rapp» og «MS Angvik». Trafikkgrunnlaget er ikkje så stort lenger, etter som mange har gått over til å nytta bil. Men somme tek sunnbåtane for å sleppa unna kø, eller av di dei likar det. I turistsesongen er det større aktivitet og båtane er mellom kommunen sine største turistattraksjonar.

SogeEndra

Sundbåttrafikken starta den 18. november 1876. Båtruta vart starta av lokale kjøpmenn i Kristiansund som hadde bruk for å frakta varer og kundar mellom øyane i byen. Dei stifta Kristiansund dampbåtlag i 1875 og trafikken tok til året etter.[1]

Under 1. verdskrig vart kostnadene for store for Kristiansund dampbåtlag og Kristiansund kommunale sundbåtvesen overtok drifta av sundbåtane.

Under bombinga av byen i april 1940 vart ein av sundbåtane senka. Passasjerrekorden på eit år vart sett i 1943-1944 med 2 635 900 passasjerar. I 1997 valde innbyggarane i Kristiansund sundbåtane til kommunen sitt kulturminne.

Alle sundbåtane hadde tidlegare ein plikthoggar om bord, som hadde som oppgåve å hogga tak i kaia og halda sundbåten inntil når passasjerane gjekk om bord og i land. Namnet «plikthoggar» kjem frå forsvaret og tyder 'å ha plikten', som er den første delen av ordet, og han «høgg» fast til kaia.

Billettane til sundbåtane var frå gamalt av ovalmyntar som måtte kjøpast før ein gjekk om bord. Dei fleste familiane i Kristiansund har eit par eksemplar av desse liggande.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. «Sundbåtens historie». Sundbåten. Henta 3. august 2018. 

BakgrunnsstoffEndra