Sunndal i Mauranger
Sunndal, òg skrive Sundal, er ei bygd på sørsida av Maurangsfjorden i Kvinnherad kommune i Vestland fylke. Bondhuselva som fører vatn frå Bondhusbreen munnar ut nedst i Sunndal.
Sunndal | |||
stad | |||
Sunndal sett frå hi sida av Maurangsfjorden
Foto: Guttorm Flatabø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Kvinnherad | ||
Postnummer | 5476 MAURANGER | ||
Preposisjon | i Sunndal | ||
Ferdselsårer | 551 | ||
Sunndal i Mauranger 60°07′04″N 6°16′11″E / 60.117777777778°N 6.2697222222222°E |
På Sundalsøyra i Sunndal ligg Hardanger Fjord Lodge, Mauranger Kro og gjestehus A/S og Mauranger skule som har elevar frå fyrste til fjerde klasse. Elevane frå Mauranger går resten av barneskulen på Malmanger skule i Rosendal.[1] Sunndal har òg kommunal barnehage, samfunnshus, serveringstaden Olaløa og campingplass.
Frå Sunndal er det 26 kilometers køyring sørvestover på Riksveg 551 til kommunesenteret Rosendal og 20 kilometer til Odda via Folgefonntunnelen.
Kjelder
endreReferansar
endre- ↑ Om Mauranger skule på nettstaden til Malmanger oppvekstsenter, arkivert frå originalen 3. desember 2013, henta 23. april 2009