Super Mario RPG
Super Mario RPG, med undertittelen Legend of the Seven Stars i den nordamerikanske utgjevinga, er eit rollespel utvikla av Square og utgjeve av Nintendo til Super Nintendo Entertainment System. Spelet blei utgjeve den 9. mars 1996 i Japan og den 13. mai 1996 i Nord-Amerika. Nintendo gav spelet ut til Virtual Console-tenesta til Wii i 2008 og til den tilsvarande tenesta til Wii U i juni 2016. Nintendo har også gjeve ut spelet på nytt i september 2017 som ein del av Nintendo Classic Mini: Super Nintendo Entertainment System.[1]
Super Mario RPG | |
![]() | |
Utviklar(ar) | Square |
---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo |
Kreativt ansvarleg(e) | Yoshihiko Maekawa Chihiro Fujioka |
Produsent(ar) | Shigeru Miyamoto |
Komponist(ar) | Yoko Shimomura |
Plattform(er) | Super Nintendo Entertainment System, Wii, Wii U, Nintendo Classic Mini: Super Nintendo Entertainment System |
Utgjeving | JP: 9. mars 1996 NA: 13. mai 1996 |
Sjanger | Rollespel |
Spelemodus | Einspelar |
Super Mario RPG er det første datarollespelet i Mario-serien. Spelemekanikkane har grunnleggande likskapar med andre rollespel frå Square, som Final Fantasy-serien, med ei historie og actionbaserte element avleia av Super Mario-serien.
ReferansarEndra
- ↑ «Plattformer: Nintendo Classic Mini: Super Nintendo Entertainment System». nintendo.no. Henta 2. april 2018.