Super Mario RPG, med undertittelen Legend of the Seven Stars i den nordamerikanske utgjevinga, er eit rollespel utvikla av Square og utgjeve av Nintendo til Super Nintendo Entertainment System. Spelet blei utgjeve den 9. mars 1996 i Japan og den 13. mai 1996 i Nord-Amerika. Nintendo gav spelet ut til Virtual Console-tenesta til Wii i 2008 og til den tilsvarande tenesta til Wii U ​​i juni 2016. Nintendo har også gjeve ut spelet på nytt i september 2017 som ein del av Nintendo Classic Mini: Super Nintendo Entertainment System.[1]

Super Mario RPG

Utviklar(ar)Square
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Yoshihiko Maekawa
Chihiro Fujioka
Produsent(ar)Shigeru Miyamoto
Komponist(ar)Yoko Shimomura
SerieMario-rollespel
Plattform(er)Super Nintendo Entertainment System, Wii, Wii U, Nintendo Classic Mini: Super Nintendo Entertainment System
UtgjevingJP: 9. mars 1996
NA: 13. mai 1996
SjangerRollespel
SpelemodusEinspelar
AldersgrensePEGI 3
Nettstadhttp://www.nintendo.co.jp/n02/shvc/p_arwj/index.html
Del av serien Mario-rollespel

Super Mario RPG er det første datarollespelet i Mario-serien. Spelemekanikkane har grunnleggande likskapar med andre rollespel frå Square, som Final Fantasy-serien, med ei historie og actionbaserte element avleia av Super Mario-serien.

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.