Super Metroid er eit action-eventyrspel utvikla og utgjeve av Nintendo til Super Nintendo Entertainment System i 1994. Det er det tredje spelet i Metroid-serien og etterfølgjer hendingane i Game Boy-spelet Metroid II: Return of Samus frå 1991. Spelaren kontrollerer dusørjegeren Samus Aran, som reiser til planeten Zebes for å hente tilbake ein stolen metroid-unge frå leiaren av rompiratane, Ridley. Spelet vart gjeve ut att gjennom tenesta Virtual Console i 2007 og som del av minikonsollen Nintendo Classic Mini: Super Nintendo Entertainment System i 2017.

Super Metroid

Utviklar(ar)Nintendo R&D1
Intelligent Systems
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Yoshio Sakamoto
Produsent(ar)Makoto Kano
Komponist(ar)Kenji Yamamoto
Minako Hamano
SerieMetroid
Plattform(er)Super NES
UtgjevingJP: 19. mars 1994
NA: 18. april 1994
EU: 28. juli 1994
SjangerAction-eventyr
SpelemodusEinspelar
AldersgrensePEGI 7
Del av serien Metroid
←Metroid II: Return of Samus⠀ · Metroid Fusion→

Spelemekanikkane i Super Metroid fokuserer på utforsking, der spelaren leiter etter oppgraderingar som lét ein nå tidlegare utilgjengelege område. Spelet introduserer fleire nye element til serien, mellom anna ein skjerm som viser forrådet til spelaren og høve til å skyte i alle himmelretningar og diagonalt.

Super Metroid fekk god mottaking, særleg for atmosfæren, spelemekanikkane, musikken og grafikken. Sjølv om spelet ikkje selde særleg bra i Japan, gjorde det det betre i Nord-Amerika. Super Metroid, saman med Castlevania: Symphony of the Night frå 1997, er godskrivne for å ha etablert undersjangeren «metroidvania» innan dataspel, og har inspirert fleire andre spel innan sjangeren.[1] Det vart etterfølgt i 2002 av Metroid Fusion og Metroid Prime.

Kjelder endre

  1. «Koji Igarashi says Castlevania: SotN was inspired by Zelda, not Metroid». Eurogamer. 21. mars 2014. Henta 1. juli 2019. 

Bakgrunnsstoff endre