Superretometerfordelar

Fiktiv oppfinning frå Flåklypa-universet

Ein superretometerfordelar er ei fiktiv oppfinning laga av Reodor Felgen kjend frå Flåklypa-universet. Den gjer det mogleg å auka «karadialeffekten» (nokon gonger kalla «korrealeffekten») med over 110 prosent (nærare avgjort 112 prosent) og gjev «sprut til tusen».[1] Felgen har ikkje publisert detaljar oppfinninga si virkemåte, men delen kan sjå ut til å fungera som ein slags elektrisk fordelar. Oppfinninga vart fyst lansert i Flåklypa Tidende som ei sensasjonell oppfinning som det var uklart kva kunne brukast til.[2] I spelefilmen Flåklypa Grand Prix kjem det fram at Rudolf Blodstrupmoen har stole oppfinninga og brukt den som ein svært sentral del i sin raserbil Boomerang Rapido. Blodstrupmoen sleng med leppa og utfordrar kven som helst til å stilla opp mot han i billøp, og Felgen svarar ved å byggja sin eigen raserbil Il Tempo Gigante kvar hans eigen implementasjon av superretometerfordeleren òg er ein svært sentral del. Diverre vert Felgen utsett for sabotasje før løpet.

Referansar endre

  1. Anmeldelse av Flåklypa Grand Prix, arkivert frå originalen 24. juni 2021, henta 15. juli 2021 
  2. Tuntreet nr. 8, 2014 med faksimile fra Flåklypa Tidende nr. 8 august med tittel "Ny sensasjonell Felgenoppfinnelse: Uklart hva den skal brukes til"