Flåklypa Grand Prix
Flåklypa Grand Prix er ein norsk familie- og dokkefilm frå 1975. Filmen er laga av Ivo Caprino. Handlinga i filmen er bygd på diktverka til forfattaren Kjell Aukrust, som skapte bygda Flåklypa og dei leiande figurane. I Aukrust-verda har nokre av figurane andre roller enn i filmen.
![]() Modell av «Il Tempo Gigante», racerbilen som har ein sentral plass i filmen. | |
Regi | Ivo Caprino |
---|---|
Produsent(ar) | Ivo Caprino |
Manus | Kjell Aukrust Kjell Syversen Ivo Caprino Remo Caprino |
Medverkande | Kari Simonsen Frank Robert Toralv Maurstad Rolf Just Nilsen Harald Heide-Steen jr. Wenche Foss Helge Reiss Per Theodor Haugen Henki Kolstad |
Forteljarstemme(r) | Leif Juster |
Klipp | Ivo Caprino |
Musikk | Bent Fabricius Bjerre |
Sjeffotograf | Charles Patey, Ivo Caprino ![]() |
Distributør | Sandrew Metronome |
Utgjevingsdato | 28. august 1975 |
Lengd | 84 minutt ![]() |
Opphavsland | Noreg ![]() |
Språk | Norsk |
HandlingEndra
Sykkelreparatøren Reodor Felgen bur i lag med skjora Solan Gundersen og piggsvinet Ludvig øvst på Flåklypatoppen. Her driv Felgen med reparasjon av syklar, og eigne oppfinningar. Ein dag kjem disponent Rudolf Blostrupmoen på lokalt fjernsyn og syner fram den nye racerbilen sin, bygd på teikningar han har stole frå verkstaden hjå Felgen, der han var læregut. Solan oppmodar Felgen til å kappkøyre med Blostrupmoen, men han har ikkje pengar til å byggje den planlagde bilen sin, Il Tempo Gigante.
Dagen etter ser Solan at ein arabisk oljesjeik er komen til bygda, og avgjer at han skal syne teikningane til sjeiken. Sjeiken finn ut at bilen er genial, og vil leggje pengar i. Il Tempo Gigante vert bygd, og sjølv om bilen mest vert sabotert av Blodstrupmoen og hjelparen hans, Mysil Bergsprekken, køyrer Felgen i billøp mot Blodstrupmoen og andre, og vinn.
SkodespelararEndra
Den norske versjonen har følgjande stemmer (mellom andre):
- Forteljar: Leif Juster
- Solan Gundersen: Kari Simonsen
- Ludvig: Toralv Maurstad
- Emanuel Desperados: Harald Heide-Steen jr.
- Jostein Kroksleiven: Rolf Just Nilsen.
MiljøEndra
Miljøet er skapt av Kjell Aukrust, og var opphavleg nytta i føljetongserien Flåklypa tidende, der mange av rollene medverka. Fleire av figurane har og fått eigne bøker frå Aukrust si hand. Solan og Ludvig høyrer ikkje opphavleg til i Flåklypa, men er rekna som to sider av forfattaren sjølv (i filmen er dei handlangarar for Reodor Felgen). Bilen Il Tempo Gigante vart omtala i Flåklypa tidende i 1972-nummeret, der Felgen prøvekjørde bilen nedetter Gudbrandsdalen og øydela atten sauer og fire mjølkeramper.
DetaljarEndra
Om ein ser godt etter, vil ein sjå fleire figurar frå andre Caprino-filmar i racerløp-delen av filmen. I publikum sit fleire av dokkene frå filmen Papirdraken, og nokre av dei frå eventyrfilmane, mellom dei Per og kongen frå Askeladden og dei gode hjelparane, sistnemnde i strikkegenser.