Surnadalsfjorden
fjord i Surnadal kommune
Surnadalsfjorden er ein fjord i Surnadal kommune på Nordmøre. Fjorden strekkjer seg 10 km austover til Surnadalsøra i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Torvikneset i sør og Kjergroneset i nord. Grenda Årnes ligg like aust for Kjergroneset på nordsida, medan Torvika ligg tvers over fjorden på andre sida. Det er fleire bruk på begge sider innover i fjorden, mellom anna Sjøasetra og Glærem på kvar si side av fjorden like før Surnadalsøra.
Elva Surna munnar ut i fjorden ved botnen.
Fv326 går langs sørsida av fjorden, medan Fv328 går på nordsida.