Surna er ei elv i Surnadal og Rindal kommune. Elva startar ved Rindalsskogen i møte mellom elvane Lomunda og Tiåa. Dei viktigaste sideelvene til Surna er Rinna, Folla og Vindøla, som alle har kjeldene sine i Trollheimen. Surna munnar ut i Surnadalsfjorden ved Surnadalsøra.

Surna ved Øye.

Surna saman med Driva er dei viktigaste lakseelvane på Nordmøre. Den største laksen som er teke på stong i Surna er 26,5 kg. Gjennomsnittsstorleiken på laksen i Surna er om lag 5 kg. Dei fleste åra vert det fanga laks på 17 - 18 kg.

Laks og sjøaurefiske er lov frå og med 1. juni til og med 31. august.

Sidan 2001 har Norsk laksefestival vorte arrangert årleg i Surnadal med fiskekonkurranse i Surna.

BakgrunnsstoffEndra