Suttung var ein jotun i norrøn mytologi som var knytt til skaldskap. Jotunen Suttung (Suttungr jötunn) var son av jotunen Gilling. Skaldedrikken har namn etter Suttung som Suttungs mjød.

Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)
Illustrasjon av den islandske kunstnaren Jakob Sigurðsson. Frå SÁM 66 (Stofnun Árna Magnússonar á Íslandi), eit manuskript frå 1765-1766.

Skaldskaparmål endre

I Den yngre Edda[1], òg kalla Snorre-edda, i kapitlet om Skaldskaparmål, fortel Snorre om korleis guden Odin lurte Suttung og henta skaldedrikken attende til æsene i Åsgard.

Soga byrjar med å fortelje om Kvase (Kvasir) som var så klok at ingen kunne spørje om noko han ikkje kunne svare på. Han vart drepen av dvergane Fjalar og Galar og av blodet hans laga dei ein mjød som gjer kvar den som drikk av han, til skald eller vismann. Skaldedrikken bli difor òg kalla «Kvases blod»

Seinare hende det at dei same to dvergane tok livet at jotunen Gilling og kona hans. Suttung, sonen til Gilling, fór då i veg for å ta hemn for drapa. Han tok dvergane og sette dei ut på eit skjer som berre stakk opp på fjøre sjø og var meint på å late dei drukne der, men han lét dei likevel få behalde livet då dei baud han den kostesame mjøden i bot for faren. Suttung gøymde mjøden på ein stad som heiter Nitberg (Hnitbjörg) og sette dotter si, Gunnlod (Gunnlöðu), til å vakte på han.

Æsene, som hadde skapt Kvase, meinte at dei hadde rett på mjøden, og guden Odin tok namnet Bolverk (Bölverkr) og la ut på ei ferd til jotnane for å hente drikken. Han kom til sist til Nitberg, der han forførte Gunnlod, og ho gav han lov til å drikke tre slurkar av mjøden. Dei tre slurkane var nok til at Bolverk fekk all mjøden i seg, og han skapte seg då om til ei ørn og flaug derifrå. Men Suttung skjøna kva som hadde hendt og han òg skapte seg om til ei ørn og flaug etter.

Då æsene såg Odin kome flygande til Åsgard, sette dei ut kjerald på tunet og Odin spydde det meste av mjøden opp i desse kjeralda. Suttung kom flygande etter og var nære på å få tak i Odin, men då sende Odin resten av mjøden ut «den bakre vegen». Den luten tok æsene ikkje vare på; kven som helst kunne ta han til seg og han vart kalla «luten til dei uduglege skaldane» (köllum vér þat skáldfífla hlut). Men suttungsmjøden gav Odin til æsene og dei folk som kan dikte.

Anna namnebruk endre

  • Håvamål[2] har eit par vers som referer til Suttung og skaldedrikken, til dømes i vers 110:
Suttung svikinn
hann lét sumbli frá
ok grætta Gunnlöðu.
Suttung han sveik
for skaldedrykken
og Gunnlód sårt han grøtte
  • Suttungrørsla[3] er ei kulturell og pedagogisk rørsle, og eit forlag, som begge har sitt opphav i forfattaren Ingeborg Refling Hagen sitt kulturarbeid.
  • Suttungteateret[4], teater og studiescene i Hedmark som òg skriv seg frå Ingeborg Refling Hagen.
  • Ein av månane til planeten Saturn, har fått namnet Suttungr etter jotunen Suttung[5].

Biletgalleri endre

Kjelder og utfyllande opplysningar endre

Referansar endre

  1. Edda av Snorre Sturluson, omsett av Karen Holtsmark, Oslo 1950
  2. Håvamål omsett av Ivar Mortensson-Egnund (Oslo 1986)
  3. Suttungrørsla på suttung.no
  4. Suttungteateret
  5. Suttungr er ein av månane til planeten Saturn

Bakgrunnsstoff endre

«Suttung» i Store norske leksikon, snl.no.