Koronarsaum
(Omdirigert frå Sutura coronalis)
Koronarsaumen (av latin sutura coronalis) eller kronesaumen er ein tjukk og fibrøs skallesaum som skil pannebeinet frå issebeina i hovudskallen.[1] Leddet er samansett av bindevev, og ved fødsel er knoklane fråskilde. Saumen utviklar seg frå paraksial mesoderm.
Klinisk relevans
endreVed fødsel er knoklane i hovudskallen fråskilde. Av og til kan dei vekse saman for tidleg, ein tilstand kjend som kraniosynostose, som kan føra til skallemisdanningar. Ved prematur forbeining av koronarsaumen vil skallen framstå som vridd og asymmetrisk. Det finst to moglege misdanningar som skuldast prematur lukking av koronarsaumen:
- ein høg, tårnliknande skalle kjend som oksycefali
- ein vridd og asymmetrisk skalle kjend som plagiocefali
Fleire bilete
endre-
Animasjon som visar koronarsaumen i raudt
-
Pannebeinet og issebeina
-
Hovudskallen sett frå sida. Koronarsaumen er merka med ei pil.
-
Den fremre delen av hovudskallen sett ovanfrå. Koronarsaumen strekker seg horisontalt.
-
Koronarsaumen sett ovanfrå og frå innsida
-
Skallen ved fødsel synar dei laterale (sideliggande) fontanellene (pterion til venstre, asterion til høgre)
-
Koronarsaumen i eit nyfødd barn
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Coronal suture» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2015.
- ↑ Holck, Per (13. februar 2009). «koronarsømmen». Store medisinske Leksikon. Henta 28. februar 2015.
Referansar
endre- "Sagittal suture." Stedman's Medical Dictionary, 27th ed. (2000).
- Moore, Keith L., and T.V.N. Persaud. The Developing Human: Clinically Oriented Embryology, 7th ed. (2003).