Suzanne Joy Lynch (fødd 20. mars 1951 som Suzanne Joy Donaldson) er ein newzealandsk songar.

Suzanne Lynch
Fødd20. mars 1951 (73 år)
FødenamnSuzanne Joy Donaldson
AliasSuzanne Donaldson, Sue Lynch
OpphavNew Zealand
AktivSidan 1967
SjangerPop
Instrumentvokal
Tilknytte artistarThe Chicks, Cat StevensOh Very Young»), Lady Killers
Verka somSongar
PrisarNew Zealands fortjenstorden

Karriere

endre

Lynch vart først allment kjend i 1960-åra som halvparten av duoen The Chicks[1] saman med søstera Judy Hindman i TV-serien C'MON på NZBC. I 1969 vart ho soloartist og var fast artist i oppfølgjarshowet Happen Inn. I 1970 vart ho kåra til N.Z. Entertainer of the Year[2] og vann ein Loxene Golden Disc i 1972.

Etter å ha gifta seg med artistkollegaen Bruce Lynch flytta ho til London i England, der ho arbeidde som studiomusikar inntil ho vart ein fast del av vokalgruppa til Cat Stevens og medverka på fleire av albuma hans inntil han slutta med musikk då han konverterte til islam. Den første songen Lynch gjorde for Stevens var «Oh Very Young» der ho song solo og korvokal.

Lynch dukka opp i 2008- og 2009-serien av Stars in Their Eyes som vokaltrenar og korsongar.

Ho er medlem av Lady Killers saman med Tina Cross og Jackie Clarke.

Diskografi

endre

Singlar

endre
År Tittel Listeplassering i Australia
AUS
[3]
1978 «You've Really Got a Hold On Me » 74

Kjelder

endre
  1. «The Chicks». Henta 24. juni 2013. 
  2. Rock Hall of Fame (NZ)
  3. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 301. ISBN 0-646-11917-6. 

Bakgrunnsstoff

endre