Suzi Quatro av Suzi Quatro

Suzi Quatro
Studioalbum av Suzi Quatro
Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1973
Innspelt 1973
Studio Audio International Studio i London[1]
Sjanger Glamrock[2]
Lengd 46:07
Selskap Rak
Produsent
Suzi Quatro-kronologi 
Suzi Quatro Quatro
(1974)


Singlar frå Suzi Quatro
  1. «Can the Can»
    Utgjeve: 27. april 1973
  2. «48 Crash»
    Utgjeve: 20. juli 1973
  3. «All Shook Up (berre i USA)»
    Utgjeve: 1974

Suzi Quatro er det første studioalbumet til den amerikanske musikaren Suzi Quatro. Plata kom ut i oktober 1973 på Rak Records i fleire land, men kom ut på Bell Records i USA og Canada, EMI Records i Japan og Columbia Records i somme europeiske land. Det fekk tittelen Can the Can i Australia.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[2]
Otago Daily Times (New Zealand)favourable[3]
Christgau's Record GuideB[4]

Albumet fekk god kritikk og selde godt verda over. Det nådde topp 50 på albumlistene i mange land, med 32. plass på den britiske albumlista, fjerdeplassen i Tyskland, femteplassen i Nederland og andreplassen i Australia. Plata fekk òg noko suksess i USA der det nådde topp 150. Singelen «Can the Can», som var med på albumet i dei fleste land, vart den største hitten til Quatro, og gjekk til topps på salslistene i fleire land i Europa og i Australia, og nådde 56. plassen i USA i 1976 då han vart gjeven ut på ny nokre år seinare. Ein annan singel frå albumet, «48 Crash», vart òg ein suksess og nådde topp 10 i fleire land, inkludert Storbritannia der han nådde tredjeplassen.

Elvis Presley-songen «All Shook Up» vart gjeven ut på singel i USA og nådde 85. plassen på Billboard-lista. Quatro sa seinare at Presley sjølv hadde kontakta ho og sagt at versjonen hennar var «den beste sidan hans eigen versjon».

Mottaking

endre

Village Voice-kritikaren Robert Christgau sa «hennar eigne songar er ikkje i nærleiken av eitt-riff-rocken til dei to Chapman-Chinn-singlane, særskild «48 Crash», og sist gong eg vart tent på noko som berre kler seg i lær var før John Kay byrja å repetere seg sjølv.»[4] Seinare gav Dave Thompson for AllMusic gav albumet fire og ei halv stjerne og skreiv at «Suzi Quatro er framleis eit av dei mest nakne, seksuelle albuma i heile glamrock-epoken – og ei av dei hottaste debutane det tiåret.»[2]

Innhald

endre

Original britisk utgåve

endre

Alle songane skrivne av Suzi Quatro og Len Tuckey, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«48 Crash»Mike Chapman, Nicky Chinn3:54
2.«Glycerine Queen» 3:47
3.«Shine My Machine» 3:49
4.«Official Suburbian Superman» 3:05
5.«I Wanna Be Your Man»John Lennon, Paul McCartney3:09
6.«Primitive Love»Mike Chapman, Nicky Chinn4:13
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«All Shook Up»Otis Blackwell, Elvis Presley3:48
8.«Sticks & Stones» 3:41
9.«Skin Tight Skin» 4:21
10.«Get Back Mama»Quatro5:52
11.«Rockin' Moonbeam» 2:55
12.«Shakin' All Over»Johnny Kidd3:33
  • Dei fleste utgåvene av albumet utafor Storbritannia inneheldt «Can the Can». Seinare var «Can the Can» òg med på britiske utgåver.
  • «Rockin' Moonbeam» var ikkje med på albumet i somme land, inkludert USA og Canada, der heller ikkje «Get Back Mamma» var med. «Can the Can» vart inkludert i staden.

Medverkande

endre
  • Suzi Quatro - bass, solovokal
  • Len Tuckey - gitar, slidegitar, korvokal
  • Alastair McKenzie - elektrisk piano, piano, Mellotron, korvokal
  • Dave Neal - trommer, korvokal

Produksjon

endre
  • Lydteknikar – Pete Coleman
  • Mastering av – Chris Blair
  • Produsent – Mike Chapman, Nicky Chinn
  • Fotografi – Gered Mankowitz

Salslister

endre
Liste (1973/74) Plassering
Australia (Kent Music Report)[5] 2
Storbritannia (Official Charts Company) 32

Årslister

endre
Liste (1974) Plassering
Australia (Kent Music Report)[6] 5
Tyske album (Offizielle Top 100)[7] 3

Salstrofé

endre
Region Salstrofé Salstal
Finland (Musiikkituottajat)[8] Gull 20,000

Kjelder

endre
  1. Discogs - Suzi Quatro 2011 remastered album
  2. 2,0 2,1 2,2 Thompson, Dave. «Suzi Quatro - Suzi Quatro: Release Information, Reviews and Credits: AllMusic». allmusic.com. Ann Arbor, USA. Henta 15. april 2022. 
  3. Harford, Jeff. «Urban warrior queen opened gateway, Otago Daily Times Online News: Otago, South Island, New Zealand & International News». Otago Daily Times. Dunedin, New Zealand. Henta 15. april 2022. 
  4. 4,0 4,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: Q». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 15. april 2022 – via robertchristgau.com. 
  5. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 243. ISBN 0-646-11917-6. 
  6. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 426. ISBN 0-646-11917-6. 
  7. «Top 100 Album-Jahrescharts» (på tysk). GfK Entertainment Charts. 1974. Arkivert frå originalen 12. juni 2018. Henta 2. april 2022. 
  8. The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:

Bakgrunnsstoff

endre