Svart hòl

(Omdirigert frå Svart hól)

Svarte hòl er nemninga på kosmiske objekt (massive klumpar, rester av stjerner) med ovstor tettleik.

Det første bildet av ei akkresjonsskjeve rundt eit svart hòl. Teke i Messier-galaksen den 7. mars 2019.
Foto: Event Horizon Telescope
Eit simulert svart hòl med ti gonger så stor masse som sola. Sett frå ein avstand på 600 km, med Mjølkevegen i bakgrunnen (vassrett kameravinkel: 90°).

Dei vert danna når massive stjerner døyr i ein super- eller hypernovaeksplosjon og restmassen er meir enn 2-2,5 solmassar. Då er tyngdekreftene kraftigare enn både elektron- og nøytrondegeneringstrykket og objektet bryt saman til eit svart hòl. Dei er som regel nokre få kilometer i diameter, men har så stor gravitasjon at ingen ting, ikkje ein gong lys slepp unna. Derfor kan ein ikkje sjå dei, noko som har gitt dei namnet «svarte hòl». Sjølve den massive klumpen er mindre enn eit atom, resten av hòlet består av gravitasjonsfeltet som er så sterkt at lyset ikkje slepp unna.

Svarte hòl kan observerast når eit objekt, som til dømes ei stjerne, kjem for nære tyngdefeltet til hòlet. Hòlet vil byrje å trekkje til seg gass og støv frå objekta. Før denne materien blir sogen inn, vert han komprimert og såleis varma opp til ekstreme temperaturar. Når materie har så høg temperatur sender han ut røntgenstråling, og denne kan registrerast med røntgenteleskop. Svarte hòl kan òg observerast ved at dei bøyer lys som passerer.

Stephen Hawking utarbeidde i 1974 ut ein teori om at svarte hòl faktisk kan fordampe. Etter Einsteins likning , er energi og masse to sider av same saka. Etter kvantemekanikken oppstår det par med partiklar og antipartiklar frå ingenting, og desse utslettar kvarandre etter eit kort bel. Rundt hendingsranda til eit svart hòl kan ein av partikklane komme innanfor randa medan den andre kjem seg bort. Såleis misser hòlet litt masse, det «fordampar». Når tilstrekkeleg mange partiklar slepp unna over mange år, vil det svarte hòlet ha dunsta bort.

Sjå òg endre