Opna hovudmenyen

Svarthamaren er eit markant, isfritt fjell ved austsida av munningen av Vestre Skorvebreen i Mühlig-Hofmannfjella i Dronning Maud Land. Det vart kartlagd frå landmålingar og flyfoto av den norske antarktisekspedisjonen (1956–60) og namngjeve av dei.

Svarthamaren
fjell
Svarthamaren SteinNilsen 6190.jpg
Svarthamaren med forskingsstasjonen Tor.
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Fjellkjede Mühlig-Hofmannfjella
Topp Dronning Maud Land
 - koordinatar 71°54′S 5°10′E
Administrert under Antarktistraktaten
Svarthamaren is located in Antarktis
Svarthamaren (Antarktis)

Ved Svarthamaren finst den største innlandskolonien av sjøfugl i Antarktis og den største bestanden av antarktispetrell i verda, med nærare 250 000 hekkande par. Den ornitologiske feltstasjonen Tor ligg i dette området som er utpeikt som eit spesielt verneområde i Antarktis. Den norske forskingsstasjonen Troll ligg ca. 100 km lenger vest.

KjelderEndra

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Svarthamaren Mountain» (innhald frå Geographic Names Information System).