Svartifoss
Svartifoss er ein foss i Skaftafell nasjonalpark på Island og ein av dei mest populære attraksjonane i parken. Han er omgjeve av svarte lavasøyler, som har gjeve fossen namnet sitt. Dei sekskanta søylene vart forma inn i ein lavastraum som vart avkjølt ekstremt seint, slik at dei vart krystallisert. Liknande lavaformasjonar har ein ved Giant's Causeway i Nord-Irland og på øya Staffa i Skottland.
Fossen fell ned på nokre svært skarpe steinar fordi nye sekskanta søyler bryt av og fell ned raskare enn det fallande vatnet klarer å slite ned dei skarpe kantane.
Desse basaltsøylene har vore til inspirasjon for islandske arkitektar, som Hallgrímskirkja i Reykjavík og Nasjonalteateret.
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endreKjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Svartifoss frå Engelsk Wikipedia .