Opna hovudmenyen

Svein Mathisen

norsk fotballspelar

Svein «Matta» Mathisen (30. september 195227. januar 2011) var ein norsk landslagsspelar i fotball.

Svein Mathisen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. september 1952
Sauda
Død

27. januar 2011
Kristiansand

Idrett fotball
Yrke fotballspelar

FotballspelarEndra

Mathisen vart fødd i Sauda. Etter at han starta som profesjonell fotballspelar i 1973, vart han verande heile karrieren sin i IK Start. Den einaste andre klubben han har spelt i var skotske Hibernian FC ein kort periode i 1978, før han vendte tilbake til Start. Han vart deretter verande i klubben til han la opp som fotballspelar i 1989. Til saman spelte han 327 kampar for start og skåra 106 mål, og han var med på å vinna eliteserien med Start to gonger.

Svein Mathisen kom inn på det norske landslaget i 1975, og fekk 25 landskampar (2 mål) for Noreg fram til 1985. Dette gjorde han fortent til heidersutmerknaden Gullklokka.

Tida etterpåEndra

Etter dette jobba Mathisen noko i NRK og i TV 2 Sporten før han vart sportssjef i Start. [1] I juli 2010 fekk han beskjeden om at han hadde kreft, og han døydde i januar 2011 etter kort tids sjukdom. Han etterlét seg kone og tre born. Sonen Jesper Mathisen spelar også for Start. [2]

KjelderEndra

* Artikkelen er basert på Bokmålswikipedia om Svein Mathisen, 28. januar 2011.

ReferansarEndra