Sveitserost er ein feit, fast og elastisk ost med fleire jamnt fordelte hol i. Hola er delvis fylte med feite «tårer». Osten har ein mild, aromatisk smak. Eit heilt ostehjul er møllesteinsforma, rundt 15 cm og nesten éin meter i tverrmål. Sveitserost blir særleg laga i det sentrale Sveits (Emmental og Gruyère), og er rekna for ein av dei finaste ostane i verda. I fleire land framstiller ein imitasjonar av osten. I Noreg blir det laga ein liten sveitserost med ein diameter på 33–35 cm, høgd på 10–12 cm og vekt på ca. 10 kg.

Emmentaler (ekte sveitserost)
Produksjon av emmentalost (10 000 l melk er tilsett løype for å få ostestoffet til å koagulera)

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • «Sveitserost» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 11. februar 2015.