Svelthette
Svelthette (Mycena oligophylla) er ein særs liten hettesopp (hatt 0,7–2,3 mm på tvers) som veks djupt nede i tuver av knappsiv. Ho er so langt berre funnen på typestaden på Tjøme i Vestfold, der ho vart samla regelmessig i fleire år. Ho er funnen om hausten, ofte i lag med sivsokkelhette og stundom saman med lutvranghette.[2]
Svelthette | |
Svelthetter Foto: Arne Aronsen/Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
| |
Status | |
Status i Noreg: Datamangel[1] | |
Systematikk | |
Rike: | Soppar Fungi |
Rekkje: | Stilksporesoppar Basidiomycota |
Underrekkje: | Hymeniesoppar Agaricomycotina |
Klasse: | Agaricomycetes |
Orden: | Agaricales |
Familie: | Mycenaceae |
Slekt: | Hettesoppar Mycena |
Seksjon: | Rarifoliatae |
Art: | Svelthette M. oligophylla |
Vitskapleg namn | |
Mycena oligophylla Aronsen & Maas Geest.
|
Svelthette liknar påfallande mykje på vranghetter og kan lett takast for å vera ein art i denne slekta, men svelthette har derimot amyloide sporar.
Kjelder
endre- ↑ Brandrud TE, Bendiksen E, Blaalid R, Hofton TH, Jordal JB, Nordén J, Nordén B og Wollan AK (24. november 2021). «Sopper: Vurdering av svelthette Mycena oligophylla for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 12. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 12. mars 2022. Henta 12. mars 2022.
- Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artiklane Svelthette - Mycena oligophylla og Mycena oligophylla skrivne av Arne Aronsen. Artiklane vart utgjevne av Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo under lisensen CC BY 3.0. Henta 29. juli 2016.