Sven Fischer

Sven Fischer (fødd 16. april 1971) er ein tysk tilegare skiskyttar frå Schmalkalden i Thüringen i Tyskland. Han vann sju VM-gull og fire OL-gull i perioden 1994-2006, frå 1993 til 2007 sanka han i alt 28 medaljar i verdsmeisterskap og olympiske vinterleikar. Fischer sigra i verdscupen i skiskyting 1997 og 1999.

Sven Fischer

Sven Fischer 2012 in Ruhpolding.jpg

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 16. april 1971 (50 år)
Schmalkalden
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Presidentvalget i Tyskland 2004, biathlon at the 1994 Winter Olympics – men's individual, biathlon at the 2002 Winter Olympics – men's sprint, biathlon at the 2006 Winter Olympics – men's sprint, biathlon at the 2006 Winter Olympics – men's pursuit, biathlon at the 1994 Winter Olympics – men's relay, biathlon at the 1998 Winter Olympics – men's relay, biathlon at the 2002 Winter Olympics – men's relay, biathlon at the 2006 Winter Olympics – men's relay

AktivEndra

Fischer vann sin første europacup-siger i desember 1990 i Hochfilzen. Han har gått individuelle renn i verdscupen i skiskyting sidan 1992/93-sesongen. Sidan 1995/96-sesongen har han alltid endt blant dei ti beste i verdscupen samanlagt. Alt i 1993 vann han bronse med det tyske stafettlaget i VM. Sin første individuelle medalje i eit stort meisterskap tok han i OL på Lillehammer i 1994, med bronse på 20 km, her var han òg med å vinna stafetten. Stafetten var han òg med å vinna i Vinter-OL 1998 i Nagano. I Vinter-OL 2002 i Salt Lake City fekk han sølv på sprinten og stafetten og i Vinter-OL 2006 i Torino vann han sprinten og stafetten.

I VM har Fischer til saman vunne sju gullmedaljar, eit i lagkonkurransen (1993), fire på stafett (1995, 1997, 2003, 2004) og på 20 km og fellesstart i Kontiolax i 1999. Han har vunne 33 verdscuprenn, tredje mest etter Ole Einar Bjørndalen og Raphaël Poirée, og vann verdscupen samanlagt i 1996/97- og 1998/99-sesongen.

Eit særtrekk ved Sven Fischer er at han alltid konkurrerer utan hanskar og brukar eit særeige ladegrep. Han snakkar òg litt norsk.

Kortfatta merittlisteEndra

(pr. 28. februar 2006)

  • Verdscupen samanlagt:
    • To sigrar (1996/97 og 1998/99), to andreplassar, tre tredjeplassar
  • Verdsmeisterskap:
    • 7 gull (2 individuelle), 8 sølv, 7 bronse
  • Olympiske leikar:
    • 4 gull (1 individuelt, sprint, 2006), 2 sølv, 2 bronse
  • Verdscuprenn:
    • 33 gull, 20 sølv, 33 bronse

BakgrunnsstoffEndra