Sven Ole Fagernæs

norsk advokat

Sven Ole Fagernæs (fødd 12. mars 1945) er ein norsk jurist. Han var regjeringsadvokat i Noreg frå 1994 til 1998, og frå 2001 til 2015. Fagernæs har vore tilsett ved regjeringsadvokatembetet sidan 1976. I 2004 blei han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden. Frå februar til september 2005 var han konstituert sysselmann på Svalbard.

Sven Ole Fagernæs
Regjeringsadvokat Sven Ole Fagernæs.jpg
Fødd12. mars 1945
Oslo
Statsborgar avNoreg
Yrkeadvokat
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
SambuarKirsti Coward

Sven Ole Fagernæs er sambuar med høgsterettsdommaren Kirsti Coward,[1] og bror til Toppen Bech (opphavleg Ellen Åse Fagernæs).

KjelderEndra

  1. Holst-Hansen, Thomas (28. juni 2003), «Dømmekvinnen», Dagbladet.no (på norsk), henta 21. mars 2020 
  Denne rettsvitskapsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.