Høgsterettsdommar

Høgsterettsdommar er den vanlege tittelen til ein dommar som er tilsett i den øvste domstolen i eit rettssystem (Høgsterett). Høgsterettsdommar er rekna som ein av dei mest prestisjefylte jobbane ein kan få som jurist, og dei som får ein slik jobb må ha vist seg særleg kvalifiserte i si yrkeskarriere. Vanlegvis prøver ein å få til at dommarane i ein høgsterett, som med dommarane i andre domstolar, skal ha ein variert bakgrunn. Både juristar med bakgrunn i offentleg forvaltning, påtalemakta og privat advokatverksemd bør såleis vere representert.

Noreg endre

I Høgsterett i Noreg er det til ei kvar tid 20 høgsterettsdommarar, inkludert Høgsterettsjustitiarius. For å bli høyesterettsdommar må ein i tillegg til dei alminnelege krava som gjeld for dommarar, vere fylt 30 år og ha avlagt juridisk embetseksamen med «beste karakter» (laud). Ein høgsterettsdommar er, som alle andre fast tilsette dommarar, ein embetsmann.

Norske høgsterettsdommerar per 1. mai 2010 endre

Høgsterettsjustitiarius endre

  • Tore Schei, f. 1946 i Oslo, tiltredd 1. august 2002 (tiltredde som dommar 1. mars 1986)

Dommarar endre

Kjelder endre