Svend Foyn (fødd 9. juli 1809 på Foynegården i Tønsberg, død 30. november 1894 på Nøtterøy) var ein norsk skipsreiar og grunnleggjar av den moderne kvalfangsten.

Svend Foyn

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. juli 1809
Tønsberg
Død

30. november 1894 (85 år)
Nøtterøy kommune

Yrke oppdagar, forretningsdrivande, kvalfangar
Ektefelle Elise Wærenskjold
Svend Foyn på Commons

Foyn reiste til sjøs i ung alder og vart skipper allereie då han var 24 år. Han studerte språk i Frankrike og England, sigla til Spania og Frankrike og dreiv samstundes med eksport og import. Han gjorde eit banebrytande arbeid innan selfangst og skapte ein viktig ny næringsveg. Han deltok sjølv i ein selfangstekspedisjon i 1844 og teikna ei ishavsskute som vart mønster for bygging av desse.

Foyn organiserte i 1847 sin fyrste kvalfangstekspedisjon til Nord-Noreg. I 1863 industrialiserte han den fyrste granatharpunen med eksploderande hovud basert på Erik Eriksen og Jacob Nicolai Walsøe sin idé og design. I 1864 vart kanonen montert på den fyrste dampdrivne kvalfangstskuta i verda, «Spes & Fides», bygt ved Nylands mekaniske verksted i Christiania. Fartøyet var 94 fot langt, med ein 20 hestekrefters maskin; maksimal fart var sju knop.

Svend Foyn revolusjonerte kvalfangsten, på godt og vondt. Ved sin død etterlet han seg ei formue på fire millionar kroner, og ein industri som etter mange år var nær ved å utrydde dei store havpattedyra.

Foyn bidrog med finansiell støtte til misjonsverksemda og til oppføringa av bedehus, skular og barneheim i Tønsberg. Han vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1853, forfremja til kommandør i 1870 og mottok storkorset i 1893.

Svend Foyn har fleire stader i Antarktis kalla opp etter seg.

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Svend Foyn» frå Wikipedia på bokmål, den 1. februar 2010.
  • Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947

Litteratur

endre

Bakgrunnsstoff

endre