Svend Matthiesen

norsk politikar

Svend Matthiesen (fødd 17. desember 1830) var ein norsk lærar, kyrkjesongar, gardbrukar, bankkasserar og Venstre-politikar frå Grong.

Svend Matthiesen
Svend Matthiesen.JPG
Fødd 17. desember 1830
Grong
Død

25. april 1916
Grong

Yrke politikar, bonde, lærar, Klokkar

Foreldra hans var gardbrukarar på Medjå i Grong. Sjølv gjekk han seminaret i Klæbu og tok eksamen der i 1849. Frå 1850 var han lærar og kyrkjesongar i heimbygda Grong. Han gifta seg i 1853 til garden Grong og dreiv denne til 1897, då eldste sonen overtok. Perioden 1862-67 var han styreformann i Grong sparebank, deretter kasserar i sparebanken i over 40 år.

Matthiesen var medlem av heradsstyret i Grong 1860-1907, ordførar 1872-80 og 1892-1907. Vidare var han valmann 1865-1903, forlikskommissær 1867-97 og medlem av amtsutvalet i ti år. I 1896 var han medlem av ein kongeleg kommisjon om lakselova.

Perioden 1871-82 var Matthiesen heile tida på frå 2. til 4. varamannsplass til Stortinget. Han vart ved stortingsvalet i 1900 vald til 4. representant for Nordre Trondhjems amt. På Stortinget 1900-03 var han medlem av Lagtinget og jarnbanekomiteen.

Han blei tildelt Borgardådmedaljen i sølv og Kroningsmedaljen 1906.[1][2]

KjeldeEndra

  1. «Svend Matthiesen». Indherred: 2. 27. april 1916. 
  2. Lindstøl, Tallak (1914). Stortinget og statsraadet 1814–1914. Bind 1, del 2: Biografier L–Ø samt tillæg. Kristiania. s. 585. 
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914