Svenskøya
Svenskøya er ei øy i Svalbard. Ho er den nest største og den vestlegaste av øyane i Kong Karls Land. Øya har eit areal på 137 km². 2 km² av øya er dekt av isbre.
Svenskøya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Kong Karls Land i Nordishavet |
Koordinatar | 78°43′N 26°38′W / 78.717°N 26.633°W |
Øygruppe | Svalbard
|
Areal | 137 km²
|
Kystlengd | 62 km |
Høgaste punkt | Mohnhøgda (288 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Demografi | |
Folketal | 0
|
Aust for Svenskøya ligg Kongsøya og mellom desse går Rivalensundet. I nordvest ligg Nordaustlandet på andre sida av Erik Eriksenstretet. I vest ligg Olgastretet med Barentsøya på andre sida.
Det sørlegaste punktet på Svenskøya heiter Kapp Hammerfest. Det høgaste fjellet Mohnhøgda ligg på nordspissen av øya.