Sverre Haugli

norsk skeiseløpar (1925–1986)

Sverre Ingolf Haugli (23. april 192518. oktober 1986) var ein norsk skeiseløpar frå Jevnaker. Han vart norsk meister i 1953 og fekk OL-bronse på 5 000 meter i 1952. Haugli representerte Jevnaker Idrettsforening, deretter Gjøvik Skøiteklub og seinare Oslo Skøiteklub.

Sverre Haugli

Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. april 1925
Jevnaker
Død

18. oktober 1986 (61 år)
Jevnaker

Yrke skøyteløpar
Sverre Haugli på Commons

Aktiv endre

Haugli vart i 1949 nummer seks i NM i Tønsberg. Året etter vart han fjerdemann i noregsmeisterskapen, før han overraska stort med tredjeplass under EM 1950 i Helsinki. I 1951 vart han nummer to etter Hjalmar Andersen då NM vart avvikla på Lillehammer og han kom på fjerdeplassen i VM 1951.

Under Vinter-OL 1952 i Oslo vann Haugli bronsemedaljem på 5 000 meter, og enda på sjetteplass på 10 000 meter. Ved noregsmeisterskapen 1953 i Skien vann han dei tre lengste distanseløpa og vart norsk meister framfor Roald Aas. Sesongen etter vart Haugli andremann i NM, slått av Hjalmar Andersen, og han vart nummer sju i EM. Ved Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo tok Haugli fjerdeplassen på 10 000 m. Han heldt høgt nasjonalt nivå til 1959.

Haugli var farfar til skeiseløparane Sverre og Maren Haugli.

Kjelder endre