Sverre J. Hoddevik

norsk politikar

Sverre Julius Hoddevik (fødd 10. juni 1946) er ein norsk tannlækjar og politikar frå Hoddevika i Selje kommune. Han representerte Sogn og Fjordane og partiet Høgre på stortinget frå 1997 til 2005.

Sverre J. Hoddevik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. juni 1946 (77 år)
Hoddevik
Yrke politikar, tannlege, bonde
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Hoddevik var son til ein gardbrukar og fiskar i Hoddevika ute på Stadlandet. Sjølv gjekk han Firda gymnas og var deretter eitt år lærar i heimkommunen. Sidan studerte han til cand.odont. ved Universitetet i Oslo. Etter militærteneste som garnisonstannlækjar i Harstad, arbeidde han som tannlækjar på Sunnmøre og i Nordfjord. I 1978 fekk han stillinga som distriktstannlækjar i Selje kommune og byrja drive farsgarden attåt.

Hoddevik var medlem i Selje kommunestyre 1984–97, perioden 1988–91 med sete i formannskapet og så ordførar 1992–97. Frå hausten 1997 var han stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane til 2005. På Stortinget plasserte Høgre han 1997–2001 i Kommunalkomitéen, medan han 2001–05 var medlem i Samferdslekomiteen. Hoddevik hadde liten innverknad i stortingsgruppa til Høgre, og det enda med at fylkespartiet vraka han som kandidat til stortingsvalet 2005.

Kjelder endre