Sverre Juvik

norsk politikar

Sverre Johan Juvik (20. april 192226. mai 2015) var ein norsk arbeidar og politikar frå Hemnes i Nordland. Han representerte Sogn og Fjordane og ArbeidarpartietStortinget frå 1969 til -77.

Sverre Juvik
Fødd 20. april 1924
Død

26. mai 2015 (91 år)

Yrke politikar, fagforeiningsleiar

Juvik var son til ein småbrukar og skogvaktar. Han arbeidde ved Hemnes sagbruk & høvleri frå 1937 til 1950, med unnatak for 1944-46 då han gjekk Hemnes Folkehøgskule. I 1950 flytta han til Årdal i Sogn og var tilsett i Årdal og Sunndal Verk til 1983, frå 1959 som arbeidsleiar.

Juvik engasjerte seg fagpolitisk og var formann 1946-48 i Hemnes høvleriarbeiderforening og 1951-58 i Årdal kjemiske fagforening, landsstyremedlem 1956-59 i Norsk kjemisk industriarbeiderforbund 1956-1959 og formann Årdal samorganisasjon 1961-69.

Frå 1952 til -59 var Juvik medlem i heradsstyret i Årdal. Hausten 1969 var han fyrstekandidat for Sogn og Fjordane Arbeidarparti ved stortingsvalet, noko som realiteten sikra stortingsplass, og han vart attvald i 1973. Alle åtte åra på Stortinget var han medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen.

Valperioden 1980-83 var Juvik med i formannskapet i Årdal. Han flytta i 1983 tilbake til Hemnes.

KjelderEndra