Sveti Nikola (serbisk Острво Свети Никола, Ostrvo Sveti Nikola) er ei øy i Adriahavet i kommunen Budva i Montenegro.

Sveti Nikola ligg like utanfor byen Budva, 1 km frå gamlebyen i Budva. Øya er 2 km lang og har eit areal på 0,36 km². Det høgaste punktet på øya er ei klippe som stig 121 meter over havet.

Øya er ein populær utfartsstad i Budva-området. Øya har tre større sandstrender med ei total lengd på 840 meter og fleire småstrender. Hovudattraksjonen på øya er hjort. Øya vert òg kalla Školj av dei lokale innbyggjarane.

Kjelder endre

42°16′N 18°51′E / 42.267°N 18.850°E / 42.267; 18.850