Svetlana Paramygina

Svetlana Vjatsjeslavovna Paramygina (fødd 5. februar 1965) er ein tidlegare skiskyttar frå Sverdlovsk i dåverande Sovjetunionen, og som tevla for Sovjetunionen til 1992, frå då representerte ho Kviterussland. Ho vann gullmedaljar for Sovjetunionen i lagtevlingane under VM 1990 og 1991. I 1994 vann ho verdscupen i skiskyting.

Svetlana Paramygina
Verkeleg namn Светлана Вячеславовна Парамыгина
Statsborgarskap Belarus, Sovjetunionen
Fødd 5. april 1965 (59 år)
Jekaterinburg
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1998, Skiskyting under Vinter-OL 1994 – Sprint kvinner

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Aktiv endre

Paramygina deltok i VM i skiskyting 1990 i Minsk, der ho var med på å vinne lagtevlinga. Året etter kopierte ho VM-triumfen i lag i finske Lahti. Ho vann si fyrste individuelle medalje då ho gjekk inn til bronse 15 km i VM 1993 i bulgarske Borovets.

Under dei olympiske vinterleikane 1994Lillehammer vart Paramygina nummer fire på 15 km og kapra så sølvmedaljen på 7,5 km, vel sekundet bakom vinnaren Myriam Bédard frå Canada, og berre eit tidels sekund føre bronsevinnaren. Gjennom OL-sesongen 1994 viste Paramygina seg som den jamnaste utøvaren av kvinnene og vann såleis verdscupen i skiskyting.

Etter ein fjerdeplass i 1995 og ein femteplass året etter på 15 km i VM-løypene, klarte Paramygina ikkje å nå heilt opp i verdstoppen den neste sesongane. Ho la skiskytarutsyret på hylla i 2001.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre