Verdsmeisterskapen i skiskyting 1990, den 25. i rekka, vart avvikla på tre ulike stader i tida frå 20. februar til 18. mars 1990. Mesterskapen var opphavleg tildelt Minsk i Sovjetunionen. Snøtilhøva var der så dårlege at etter normalprogrammet, 20 km for menn og 15 km for kvinner, var gjennomført, vedtok ein å flytte dei attståande meisterskapstevlingane til Oslo. Før ein fekk fullført den siste VM-øvinga i Holmenkollen, 4 x 7,5 km stafett for menn, la skodda seg så tett at utøvarane ikkje såg blinkane. Dermed vart stafetten avbroten midtvegs, då Noreg låg i tet. VM-stafetten vart så til sist avvikla under verdscuprenna i Kontiolahti i Finland ei veke seinare.

Sovjetunionen sine utøvarar dominerte meisterskapen og vann fire gullmedaljar av totalt ni medaljar. Med tre gullmedaljar og eitt sølv vart sovjetiske Svetlana Davidova den store forgrunnsfiguren i meisterskapen, austtyske Mark Kirchner tok to gull og ein bronse. Deltakarar frå ni land vann ein eller fleire medaljar.

MINSKEndra

MennEndra

20 kmEndra

Plass Utøvar Land Tid Bomskot
1 Valerij Medvedtsev   Sovjetunionen 1.06.39,7 0
2 Sergej Tsjepikov   Sovjetunionen 1.07.03,0 0
3 Anatolij Sjdanovitsj   Sovjetunionen 1.08.39,2 0
4 Jurij Kasjkarov   Sovjetunionen 1.09.02,8 1
5 Andreas Zingerle   Italia 1.09.12,9 1
6 Frank Luck   Aust-Tyskland 1.09.35,8 2
7 Gisle Fenne   Noreg 1.09.55,1 3

Dato: 20. februar 1990

KvinnerEndra

15 kmEndra

Plass Utøvar Land Tid Bomskot
1 Svetlana Davidova   Sovjetunionen 51.53,4 0+1+0+1
2 Jelena Golovina   Sovjetunionen 53.48,2 1+2+0+0
3 Petra Schaaf   Vest-Tyskland 53.54,6 0+1+0+0
4 Inger Björkbom   Sverige 54.15,4 0+1+0+1
5 Elin Kristiansen   Noreg 54.23,2 1+1+0+0
6 Synnøve Thoresen   Noreg 54.28,9 0+1+1+2

Dato: 20. februar 1990

OSLOEndra

MennEndra

Sprint 10 kmEndra

Plass Utøvar Land Tid Bomskot
1 Mark Kirchner   Aust-Tyskland 25.48,9 0+0
2 Eirik Kvalfoss   Noreg 25.59,8 1+1
3 Sergej Tsjepikov   Sovjetunionen 26.20,9 1+1
4 Hervé Flandin   Frankrike 26.36,3 0+0
5 Frank Luck   Aust-Tyskland 26.37,1 1+0
6 Steffen Hoos   Aust-Tyskland 26.39,0 0+0
7 Andreas Zingerle   Italia 26.41,5 1
8 Valerij Medvedtsev   Sovjetunionen 26.43,1 0+0

Dato: 10. mars 1990

Lagtevling 20 kmEndra

Plass Land Utøvarar Tid Bomskot
1   Aust-Tyskland Raik Dittrich
Mark Kirchner
Birk Anders
Frank Luck
1.04.24,1 1+0
2   Tsjekkoslovakia Tomáš Kos
Ivan Masařík
Jiří Holubec
Jan Matouš
1.04.36,5 0+1
3   Frankrike Christian Dumont
Stéphane Bouthiaux
Hervé Flandin
Thierry Gerbier
1.05.14,2 1+2
4   Sovjetunionen Jurij Kasjkarov
Sergej Tsjepikov
Anatolij Sjdanovitsj
Valerij Medvedtsev
1.06.02,0 2+2
5   Austerrike Franz Schuler
Egon Leitner
Bruno Hofstätter
Alfred Eder
1.06.19,9 1+3
6   Noreg Geir Einang
Frode Løberg
Sverre Istad
Gisle Fenne
1.07.21,9 2+1

Dato: 8. mars 1990

KvinnerEndra

Sprint 7,5 kmEndra

Plass Utøvar Land Tid Bomskot
1 Anne Elvebakk   Noreg 27.12,8 0+1
2 Svetlana Davidova   Sovjetunionen 27.16,1 1+1
3 Elin Kristiansen   Noreg 27.44,9 1+0
4 Tsvetana Krasteva   Bulgaria 27.58,6 1+3
5 Jelena Golovina   Sovjetunionen 28.12,7 1+1
6 Pirjo Mattila   Finland 28.15,5 1+0
7 Jiřina Adamičková   Tsjekkoslovakia 28.22,7 2+1

Dato: 10. mars 1990

3 x 5 km stafettEndra

Plass Land Utøvarar Tid Bomskot
1   Sovjetunionen Jelena Bazevitsj
Jelena Golovina
Svetlana Davidova
1.33.14,1 0+0
2   Noreg Grete Ingeborg Nykkelmo
Anne Elvebakk
Elin Kristiansen
1.34.28,0 1+1
3   Finland Tuija Vuoksiala
Seija Hyytiäinen
Pirjo Mattila
1.35.12,9 2+0
4   Bulgaria Tsvetana Krasteva
Marija Manolova
Nadesjda Aleksijeva
1.38.06,4 3+1
5   Sverige Mia Stadig
Anna Hermansson
Inger Björkbom
1.38.57,4 3+0
6   USA Patrice Anderson
Joan Smith
Anna Sonnerup
1.39.19,1 1+0

Dato: 11. mars 1990

Lagtevling 15 kmEndra

Plass Land Utøvarar Tid Bomskot
1   Sovjetunionen Jelena Bazevitsj
Jelena Golovina
Svetlana Paramygina
Svetlana Davidova
56.30,3 11+0
2   Vest-Tyskland Irene Schroll
Daniela Hörburger
Inga Kesper
Petra Schaaf
1.01.18,3 11+22
3   Bulgaria Nadesjda Aleksijeva
Iva Sjkodreva
Marija Manolova
Tsvetana Krasteva
1.02.09,4 11+43
4   USA Nancy Bell
Anna Sonnerup
Patrice Anderson
Joan Smith
1.02.38,6 13+11
5   Tsjekkoslovakia Pavlína Brožová
Petra Nosková
Jana Kulhavá
Jirina Adamičková
1.02.39,7 2+12
6   Noreg Grete Ingeborg Nykkelmo
Hildegunn Fossen
Synnøve Thoresen
Helga Øvsthus
1.04.42,3 24+23

Dato: 8. mars 1990

KONTIOLAHTIEndra

MennEndra

4 x 7,5 km stafettEndra

Plass Land Utøvarar Tid Bomskot
1   Italia Pieralberto Carrara
Wilfried Pallhuber
Johann Passler
Andreas Zingerle
1.30.54,7 1+0
2   Frankrike Christian Dumont
Xavier Blond
Hervé Flandin
Thierry Gerbier
1.33.08,8 0+0
3   Aust-Tyskland Frank Luck
André Sehmisch
Mark Kirchner
Birk Anders
1.34.02,2 0+0
4   Noreg Geir Einang
Gisle Fenne
Frode Løberg
Eirik Kvalfoss
1.34.05,8 0+0
5   Sovjetunionen Valerij Noskov
Jurij Kasjkarov
Valerij Medvedtsev
Sergej Tsjepikov
1.34.13,3 0+1
6   Finland Vesa Hietalahti
Harri Eloranta
Antero Lähde
Timo Seppälä
1.36.49,2 0+0

Dato: 18. mars 1990

KjelderEndra