Svidd neger er ein norsk film frå 2003. Filmen er regissert av Erik Smith Meyer og produsert av Erling Falch frå Filmfalken a.s. Stein Elvestad, som mellom anna er kjend frå Heismann Hå har skrive manuset og musikken er laga av bandet Ulver.

Handlinga i Svidd neger føregår i Nordland, og filmen har ei merkeleg historie. Ho fylgjer ein merkeleg kronologi, krasjar med vårt verdsbilete, og inneheld ein mengd personar med identitetsproblem som er sett på spissen. Negeren Ante vil vere same. Samen Normann Hætta Bongo Utsi Saus vil helst vere nordmann. Peder vil vere attraktiv machomann. Karl vil ha ein son. Ante vil ha ein far. Alle vil ha Anna.

Rolleliste

endre

Bakgrunnsstoff

endre