Neger
Neger er eit ord som kan visa til folk med mørk hudfarge, i dag hovudsakleg om folk med noko eller fullstendig opphav i folkesetnaden i Afrika sør for Sahara, til dømes folkegrupper frå Karibia eller Sør-Amerika eller afroamerikanarar i USA. Omgrepet er omdiskutert i Noreg. Det har samanheng med rasenemninga negroid.
Ordsoge
endreOrdet «neger» kjem frå det latinske niger, svart, og var lenge berre eit uttrykk som skildra mørk hudfarge – ein brukte mellom anna australneger om australske urfolk. Ordet erstatta tidlegare nemningar som «mor», «morian» og «blaamand».
Neger som skjellsord
endreI USA
endreEttersom mørkhuda afrikanarar blei tvangsflytta i store mengder til Amerika og brukte der som slavar, fekk ordet ein brukte om dei nokre stader eit svært negativt innhald. Sjølv om dei frie etterkomarane av desse slavane i USA ei stund kalla folkegruppa si for Negroes, blei dette og ordet nigger etter kvart einstydande med å kalla nokon ein mindreverdig person, ein slave.
Berre det å bruka ordet nigger er nå tabu for dei fleste USA-amerikanarar, og ein refererer gjerne til det ved å bruka eufemismen «the N word». Berre nokre hippe, mannlege afroamerikanarar bruker ordet overfor kvarandre. I staden bruker ein gjerne omgrepet afroamerikanarar om denne folkegruppa.
Neger som normalt ord
endreI amerikanske land utanom USA, som Cuba og Argentina, kan negro eller diminutivet negrito brukast mellom vennar, og det er ikkje rekna som nedsetjande.
Omgrepet negrito blir òg brukt i Asia om fleire grupper urfolk frå øyar i Indiahavet og fastlandet rundt, utan å ha nokre negative konnotasjonar.
Omdiskutert i Noreg
endreI Noreg er meiningane delte om «neger» er å rekna som negativt lada eller ikkje. Ordet finst rett nok i fleire negativt lada omgrep, som «negerarbeid», «bantuneger» og «bladneger».
Då Are Kalvø gav ut boka Kunsten å vere neger i 1996, var det for å ironisera over norske haldningar til framandkulturelle. Komikaren Johann Golden er ein annan som har stempla seg sjølv som neger for å gjera narr av uttrykket. Medan denne klart antirasistiske bruken av neger er blitt akseptert, vekte filmen Svidd neger frå 2003 sterkare reaksjonar.
I ei undersøking frå 2007 var det oppfatta som «greit» å bruka av rundt 60 %, medan andre vil opppleva det som diskriminerande. Sylfest Lomheim i Språkrådet uttalte i samband med undersøkinga at «i resten av landet [utanfor Oslo] oppfatter folk dette som et helt nøytralt ord som er veldig naturlig for folk å si.»[1]
Kjelder
endre- dokpro.uio.no «Neger» i Nynorsk- og Bokmålsordboka frå Universitetet i Oslo.
- «Neger» i Ordbog over det danske Sprog
- Fotnotar
- ↑ «- Greit å si neger». 18.10.2007, nrk.no
Bakgrunnsstoff
endre- «En selvstendig tenker» av Espen Søbye frå Dagbladet, 21. januar 2002.