Swaminarayan
Sahajananda Swami (1781–1830) eller Swaminarayan var ein framståande heilag mann innan vaishnavatradisjonen i hinduismen. Han la grunnen for ei ny hindurørsle som legg vekt på eit sunt, balansert og vegetarisk levesett[1] med stor omtanke for velferda til familien. Swaminarayan er kjend for å ha innført reformer til fordel for fattige og kvinner. Han blei rekna for å ha utført mirakel, utførte store brennoffer (yagna), bygde seks tempel og utnemnde 500 disiplar (paramhansa). Swaminarayan var følgd av rundt 1,8 millionar tilhengjarar då han døydde. I 2007 hadde rørsla hans rundt 20 millionar tilhengjarar.[2]
Swaminarayan | |
Fødd | 3. april 1781 Chhapaiya |
Død | |
Yrke | religiøs leiar, yogi, spiritual teacher |
Språk | sanskrit |
Religion | Hinduismen |
Swaminarayan på Commons |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Swaminarayan» frå Wikipedia på engelsk, og «Sahajananda Swami» frå Wikipedia på svensk den 8. april 2014.
- ↑ New vegetarians, om Sahajananda Swami[daud lenkje]
- ↑ Niche Faiths, Indian Express, 26. mai 2007, henta 19. oktober 2013