Swansea Bay
Swansea Bay (walisisk Bae Abertawe) er ei bukt i Bristolkanalen på sørkysten av Wales. Av stader ved bukta finn ein Mumbles, Swansea og Port Talbot. River Neath, River Tawe, River Afan og Blackpill munnar alle ut i bukta.
Swansea Bay (og alle øvre delar av Bristolkanalen) har ein av dei største tidvasskilnadane i verda med ein maksimal skilnad på om lag 10 meter.[1] I Swansea Bay ligg hamnene Swansea Docks, Port Talbot Docks og Briton Ferry-kaien.
Historie
endreØstersfiske var ein gong ein viktig industri i Swansea Bay, med over 600 tilsette på det meste i 1860-åra. Overfiske, sjukdom og forureining utrydda østersbestanden før 1920. I 2005 vart det kunngjort planar om å opprette østersoppdrett i bukta.[2]
Strender
endreLangs bukta ligg fleire sandstrender. Kvar strand har sitt eige namn:
- Aberavon Beach
- Baglan Bay
- Jersey Marine Beach
- Swansea Beach
- Mumbles Beach
Forureining
endreDei siste to tiåra av 1900-talet vart bukta øydelagd av forureining, delvis frå omliggande tungindustri og delvis frå kloakkutslepp. Dei naturlege havstraumane i området gjorde òg at forureininga ikkje vart frakta bort frå bukta. Rundt 1996 stoppa kloakkutsleppa, som i staden vart lagt i røyr til eit kloakkreinseanlegg nær Port Tennant. Dette har ført til stor betring i vasskvaliteten i bukta.
Kraft
endreSidan Swansea Bay har så kraftige tidvasstraumar er det lagt fram planar om tidvasskraftverk her.[3]. I tillegg er det planlagt ein vindmøllepark uti bukta.[4]
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Swansea Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 11. januar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Swansea Bay og Gower Tides, arkivert frå originalen 28. september 2011, henta 11. januar 2010
- ↑ «Bay plans oyster trade revival». BBC.
- ↑ source: http://www.tidalelectric.com/Projects%20UK.htm Arkivert 2008-02-22 ved Wayback Machine.
- ↑ source: http://www.greenpeace.org.uk/contentlookup.cfm?ucidparam=20041005181339 Arkivert 2005-03-20 ved Wayback Machine.