Swinburneisen
Isbre i Antarktis
(Omdirigert frå Swinburne isbrem)
Swinburneisen er ein isbrem like nord for Edward VII Peninsula og Alexandra Mountains i den sørlege delen av Sulzberger Bay i Antarktis. Isbremmen er 30 km lang og 8 km brei, og strekkjer seg frå Fisher Island til White Islands. Han vart fotografert frå lufta og kartlagd av Byrd-ekspedisjonen (ByrdAE), 1928-30. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter kaptein H.W Swinburne jr., som var nestkommanderande og stabssjef i U.S. Naval Support Force i Antarktis under Operasjon Deep Freeze 1970 og 1971.[1]
Swinburneisen | |||
isbrem | |||
Kart over området kring Swinburneisen
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ross Dependency | ||
- koordinatar | 77°10′S 153°55′W / 77.167°S 153.917°W | ||
Lengd | 30 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Swinburneisen 77°10′00″S 153°55′01″W / 77.1667°S 153.917°W | |||
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Swinburne Ice Shelf». Geographic Names Information System. United States Geological Survey. Henta 4. januar 2014.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Swinburne Ice Shelf» (innhald frå Geographic Names Information System).