Sulzberger Bay
Sulzberger Bay er ei bukt mellom Fisher Island og Vollmer Island, langs kysten av King Edward VII Land. Ho vart oppdaga av Byrd-ekspedisjonen den 5. desember 1929, og vart namngjeven av Byrd etter Arthur H. Sulzberger, som publiserte New York Times og støtta Byrd-ekspedisjonane i 1928-1930 og 1933-1935.[1]
Sulzberger Bay | |||
bukt | |||
Kart over Sulzberger Bay
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Del av | Rosshavet | ||
Koordinatar | 77°0′S 152°0′W / 77.000°S 152.000°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Sulzberger Bay 77°S 152°W / 77°S 152°W | |||
Sulzberger Bay ligg føre Sulzberger isbrem (77°0′S 148°0′W / 77.000°S 148.000°W), ein isbrem som er kring 137 km lang og 80 km brei langs kysten av Marie Byrd Land mellom Edward VII Peninsula og Guest Peninsula. Isbremmen vart observert og grovt kartlagd av Byrd-ekspedisjonen (1928-1930).[2]
Sulzberger Basin (77°0′S 152°30′W / 77.000°S 152.500°W) er eit havbasseng sentralt i Rossisen nær Sulzberger Bay.[3]
Isfjelldanning
endreIsbremmen kalva fleire isfjell i dagane etter 12. mars 2011, same dag som jordskjelvet og tsunamien i Sendai i Japan. Forskarar har knytt denne iskalvinga til tsunamien som nådde isbremmen kring 13 600 km unna episenteret til jordskjelvet. Det største isfjellet var omtrent like stort som Manhattan Island. I alt kalva isbremmen isfjell som dekte i alt nesten 125 km2. Denne delen av isbremmen hadde ikkje flytta seg sidan 1946.[4][5]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sulzberger Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 30. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ U.S. Geological Survey Geographic Names Information System: Sulzberger Bay
- ↑ U.S. Geological Survey Geographic Names Information System: Sulzberger isbrem
- ↑ U.S. Geological Survey Geographic Names Information System: Sulzberger Basin
- ↑ «Japan Tsunami Broke Huge Icebergs Off Antarctica», Livescience.com, August 8, 2011[daud lenkje]
- ↑ Brunt, Kelly M.; Emile A. Okal; Douglas R. MacAyeal (27 April 2011). «Antarctica ice-shelf calving triggered av Honshu (Japan)» (PDF). Journal of Glaciology 57 (205): 785–788. Arkivert frå originalen (PDF) 26. oktober 2011. Henta 1. desember 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Japan's Tsunami Rips Icebergs Double the Size of Manhattan From Antarktis
- Tsunami Broke Antarctic ice shelf Arkivert 2012-09-30 ved Wayback Machine. — Discovery News
- Japan Tsunami Broke Off Icebergs i Antarctic — Wired.com