Swyre Head
Swyre Head er det høgaste punktet i Purbeck Hills og Isle of Purbeck i Dorset, på sørkysten av England. Swyre Head ligg om lag 2 km sørvest for landsbyen Kingston, om lag 5 km sør for Corfe Castle og 8 km vest for Swanage.
Swyre Head | |||
Marilyn | |||
Swyre Head frå nordaust
| |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Topp | Purbeck Hills | ||
• høgd | 208 moh. | ||
• Primærfaktor | 150 m | ||
Swyre Head 50°36′21″N 2°05′40″W / 50.6058°N 2.0944°W | |||
Wikimedia Commons: Swyre Head, Isle of Purbeck |
Sjølv om høgda ikkje er stor, 208 meter over havet, er primærfaktoren høg nok til at han har status som ein marilyn-topp.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Swyre Head» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juli 2011.