Skarvan

fjell i Selbu i Trøndelag

Skarvan (samisk Tjohkeleh) er ei fjellgruppe i Skarvan og Roltdalen nasjonalpark. Området er delt mellom kommunane Stjørdal, Meråker og Selbu i Trøndelag. Den høgaste toppen, Storskarven ragar 1171 meter over havet. Frå utkikkspunktet kan ein sjå store delar av Trøndelag, inn i Sverige i aust, og Dovrefjell i sørvest.

Skarvan frå Leksvik

Det høgaste fjellet, Storskarven, har markert seg i norsk flyhistorie. Fjellet ligg om lag 3 mil sør for Værnes. I 1941, under den andre verdskrigen styrta eit tysk bombefly i fjellet, og i juli 2000 styrta eit småfly i fjellet etter avgang frå Værnes.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.