Opna hovudmenyen
Sylt
Lokalt namn: Söl'
SyltSat.jpg
Geografi
Wadden - Sylt.PNG
Stad Vadehavet i Nordsjøen
Koordinatar 54°54′N 8°20′EKoordinatar: 54°54′N 8°20′E
Øygruppe Dei nordfrisiske øyane

Areal 99 km²

Høgaste punkt Erhebung (52,5 moh.)

Administrasjon
Land Tyskland
Delstat
Landkreis
Schleswig-Holstein
Nordfriesland
Største busetnad Westerland (10 488 innb.)

Demografi
Folketal 27 219 (2004)
Folketettleik 275 /km²

Sylt (dansk Sild; frisisk: Söl' ) er ei øy nord i Tyskland i Vadehavet i Nordsjøen. Ho er ein del av Dei nordfrisiske øyane i landkreis Nordfriesland i Schleswig-Holstein. Øya var ein gong ein del av fastlandet, men på grunn av erosjon krympar øya stadig. I dag har Sylt eit areal på 99 km². Avstanden frå nord til sør er 35 km og frå vest til aust 13 km. Det høgaste punktet heiter "Uwe-Düne" og er 52 meter over havet. Øya har 27 000 innbyggjarar (2004).

Innhaldsliste

KulturEndra

Sylt er ein særprega del av Tyskland sidan ho er ein del av Dei frisiske øyane. Ho har sin eigen dialekt kalla söl'ring. Söl'ring er ein dialekt av frisisk språk med element frå dansk, nederlandsk og engelsk. I dag er det berre ein liten del av busetnaden som framleis snakkar söl'ring. I 2004 vart det vedtatt ei lov som skulle hjelpe fram språket.

Husa på Sylt har ein tydeleg frisisk arkitektur.

HistorieEndra

Sylt var opphavleg ein del av Jylland og dei første busetnadane ein har funne spor etter går tilbake til 3000 fvt. Dei første frisiske busetnadane er frå 700- og 800-talet. Sylt var delt mellom Hertugen av Schleswig og Danmark i 1386. Bortsett frå byen List vart Sylt ein del av Hertugdømet Schleswig i 1435. På 1600- og 1700-talet førte kvalfangst, fiske og dyrking av østers til auka rikdom hos innbyggjarane. Turismen på øya starta på 1800-talet. I 1927 vart det bygd ein jernbanefylling mellom øya og fastlandet.

TransportEndra

Sylt er forbunde til fastlandet via Hindenburgdamm, ei jernbanefylling, som tar passasjerar til frå Westerland til Niebüll eller Klanxbüll. I Niebüll kan ein ta med bil på toget. Det finst òg ferjesamband til den danske øya Rømø, i tillegg til at øya har ein flyplass.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra