Syltefjorden på Sunnmøre
fjord i Vanylven kommune
Syltefjorden er ein sidefjord til Vanylvsfjorden i Vanylven kommune på Sunnmøre. Fjorden er om lag 6,5 km lang og omkring ein kilometer brei.
Fjorden har innløp mellom Slagneset og Fiskå og går fyrst austover og så i sørleg retning. Inst i fjorden ligg bruket Sylte, som fjorden er kalla opp etter. Den største djupna i fjorden er 104 m.
Riksveg 61 går inn og ut fjorden på begge sider.