Sylteviklia
62°04′48.9″N 7°01′32.2″E / 62.080250°N 7.025611°E Sylteviklia er ein øydegard ved Geirangerfjorden, i Stranda kommune i Møre og Romsdal fylke.
Om namnet: sjå Syltavik.
Sylteviklia er nemnt i matrikkelen for 1666[1] som sjølvstendig gard. I 1737 vart husa på garden øydelagt, dels av brann og dels av snøfonn. Siste brukaren er nemnt i 1738[1] og etter den tida budde der ikkje folk på garden og han vart brukt saman med Syltavik. I «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør»[2] (1766) er garden «Sylteviig Lie» oppført som øydegard.
Garden ligg høgt oppe i fjellsida ovanfor Syltavik, om lag 400 moh., med tilkomst via ein lang og bratt gangsti. Jørgen Gjerding[3] sin kommentar: «Ein kan berre undrast på at nokon kunde finne på å busetje seg på ein slik stad».
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Sunnylven og Geiranger 2: Gard og ætt (om Sylteviklia: side 588) Stranda sogelag 1993.
- ↑ Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør av Hans Strøm (1766) - side 290
- ↑ «Øydebruk i Sunnylven og Geiranger», side 55
Bakgrunnsstoff
endre- Jørgen Gjerding (1935). Øydebruk i Sunnylven og Geiranger. Hellesylt: Eige forlag. s. 54.
- red. Lars Ørjasæter (1991). Stadnamn i Geiranger. Stranda: Stranda sogelag. s. 104-105. ISBN 82-992249-3-4.
- Verdsarv Vestnorsk fjordlandskap - innskrive på UNESCO si Verdsarvliste 14. juli 2005.